Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Legar i spesialisering (LIS) og turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 17.09.2024

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Legar i spesialisering

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

Statsforvaltaren har ansvar for å opprette, godkjenne og kvalitetssikre eit tilstrekkeleg tal LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta. Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (turnusregion Nord, Midt-Vest og Sør-Øst). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • Grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Vis meir


Publisert 27.01.2022

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2022

For deg som starta som LIS1 i kommunehelsetenesta mars 2022.


Publisert 09.07.2021

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2021

For deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2021.


Publisert 04.03.2021

Endring i tilskot til ALIS-avtalar

Helse- og omsorgsdepartementet har gjort om ordninga til to tilskotsordningar, ein for LIS3 i allmennmedisin i næringsverksemd og ein for LIS3 i allmennmedisin som er tilsett i kommunen. 


Publisert 14.01.2021

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2021

For deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta mars 2021.


Publisert 01.10.2020

Tilskot til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar

Målet er å auke talet på fastlegar i kommunane, redusere talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering. Søknadsfrist er 11. november.


Publisert 01.10.2020

Tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin

Kommunane kan søke Helsedirektoratet om tilskot for rettleiing av allmennlegar (LIS3 i allmennmedisin). Søknadsfristen er 16. november.


Publisert 19.06.2020

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2020

For deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2020


Publisert 03.04.2020

Webinar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet inviterer til webinar for kommunelegar og allmennlegar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta måndag 6. april.


Publisert 23.01.2020

Legar i spesialisering (LIS1) får endring i læringsmål

Endringane i dei kliniske læringsmåla for legar i spesialisering trer i kraft 1. mars 2020.


Publisert 10.01.2020

Oversikt over kurs for LIS1-legar 2020

Startar du som LIS1 i kommunehelsetenesta 1. mars 2020?