Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Legar i spesialisering (LIS) og turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 17.09.2024

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Legar i spesialisering

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

Statsforvaltaren har ansvar for å opprette, godkjenne og kvalitetssikre eit tilstrekkeleg tal LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta. Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (turnusregion Nord, Midt-Vest og Sør-Øst). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • Grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Vis meir


Publisert 31.05.2023

Rettleiarkurs for legar i spesialisering

ALIS Vest arrangerer rettleiarkurs for legar i spesialisering 30.-31. august.  


Publisert 15.05.2023

Tilskotsordninga Nasjonal ALIS og veiledning

Ordninga skal bidra til å dekka kommunen sine meirkostnader ved inngåelse av ALIS-avtalar. Den skal og bidra til å dekka utgifter til forskriftsfesta rettleiing til legar som er under spesialisering i allmennmedisin, og som ikkje vel å inngå ALIS-avtale. ALIS Vest arrangerer nettseminar om endringar i tilskotet.


Publisert 17.01.2023, Sist endra 15.03.2023

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2023

På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i mars 2023.


Publisert 11.11.2022

Legar i kommunane får unntak frå einskilde kompetansekrav

For å sikre tilstrekkeleg allmennlegekompetanse i kommunane, vert unntaket frå kompetansekravet for fastlegar og i legevakt utvida.


Publisert 09.09.2022, Sist endra 09.09.2022

Tilskotet nasjonal ALIS og veiledning

Tilskotet er revidert og vil gjere søknadsprosessen for kommunar som vil inngå avtalar med allmennlegar i spesialisering (ALIS) samla og forenkla. Søknadsfristen er 1. oktober.


Publisert 01.09.2022

Kurs for LIS1-rettleiarar i kommunehelsetenesta

Statsforvaltaren i Vestland dekkjer kursavgifta for LIS1-rettleiarar som ønskjer å melda seg på ALIS Vest sitt emnekurs i individuell rettleiing og supervisjon for allmennlegar.


Publisert 03.08.2022

Søknadsfrist særplass turnusåret 15.08.23 – 14.08.24

Søknadsfrist for å søkje om særplass for turnusteneste for fysioterapeutar er 12. oktober 2022.


Publisert 01.08.2022

Kurs for turnusfysioterapeutarog turnuskiropraktorar

4.-5. oktober blir det kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta hausten 2022.   


Publisert 07.07.2022

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2022

For deg som starta som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2022.


Publisert 22.02.2022

Kommunar kan søkje om introduksjonsavtalar i allmennmedisin

Introduksjonsavtalar er eitt av tiltaka i Handlingsplan for allmennlegetjenesten, og vil gi legar rett til trygderefusjon når dei jobbar på listene til fastlegar, også når fastlegen er til stades. Søknadsfrist er 15. mars.