Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2021

For deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta mars 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2021

Her er ei oversikt over kurs for deg som skal ha LIS1 i Vestland våren 2021:

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedsin i Førde får eit kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 2. mars. Dette må kommunane dekke for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset.

I tillegg arrangere Sogn og Fjordane legeforening kurs i normaltariffen. Dette er eit kurs som kommunane må dekke dersom de deltek på kurset. Kurset er aktuelt for LIS1 i heile Vestland.

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør av gjeldande kurs. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Fylkesmannen tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.