Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2021

For deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2021

Her er ei oversikt over kurs for deg som skal ha LIS1 i Vestland hausten 2021:

Program for andre grupperettleiing kjem seinare.

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedsin i Førde får eit kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 7. september. Dette må kommunane dekke for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset.

I tillegg vil Helfo arrangera digitalt kurs for LIS1, knytt opp mot takstbruk. Invitasjon til kurset vil bli sendt ut per e-post. Kurset er planlagt i første halvdel av oktober. 

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møte- og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med covid-19, eller har fått bekrefta eller sannsynlegvis har covid-19, ta kontakt med arrangør av gjeldande kurs. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.