Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Helsepersonell i Noreg blir no inviterte til frivillig innsats mot ebolaepidemien i Vest-Afrika. Alle typar helsepersonell kan melde seg
10.10.2014
Forslag til statsbudsjett blei lagt fram onsdag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 5,5 %, mot 4,8 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2014. Auka veksttilskot vil gi eit godt påslag for fleire kommunar i fylket.
08.10.2014
Ordensinsigniene vart delt ut av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa på ei tilstelling 2. oktober 2014 på Norges Veterinærhøgskole på Sandnes.
02.10.2014
NVE har i år gitt ut aktsemdskart for jord- og flaumskred, som den tredje typen aktsemdskart for skred. Desse karta må inn i arealplanlegginga på lik linje med dei andre. Me håpar kommunane og andre etatar gjer seg kjent med desse karta. Jord- og flaumskred er knytt til nedbør, og er nyttige for grove skredfarevurderingar relatert til klimaendringane.
25.09.2014
Bjerkreim kommune har lagt fram forslag til kommuneplan med både arealdel og samfunnsdel. Gjennom pilotprosjekt for statleg samordning har kommunen fått ei samla oversikt over statlege motsegner og faglege råd. Fylkesmannen sin uttale har både ros og råd til forbetring.
24.09.2014
Fylkesmannen meiner at Suldal kommune har laga ein framifrå kommuneplan med god samanheng mellom samfunnsdel og arealdel.
På ei tilstelling i Norges Tekniske Vitenskapsakademi i Trondheim 11. september vart sivilingeniør Knut Åm utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
16.09.2014
Helsefagarbeidar Marita Puntervoll representerer Norge i Euroskills i Frankrike i oktober. Fylkesmannen støttar deltakinga gjennom Kompetanseløftet 2015 og ønskjer henne lukke til i konkuransen!
01.09.2014
Journalist John Gunnar Skien er tilsett som ny kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
27.08.2014
Boka er eit resultat av langvarig og godt samarbeid mellom naudetatane og samvirkeaktørar innan redningstenesta. Målet er å bidra til læring og utvikling innafor fagområdet.
22.08.2014