Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegner til utvidinga av Q-Meieriene sitt anlegg i Klepp kommune. I meklinga i dag blei partane samde om ei løysing.
01.12.2014
Bedrifta Malm Orstad på Voll i Klepp ønskjer å byggja nytt bygg med plass til 200 tilsette. Fylkesmannen hadde motsegn til planane av omsyn til jordbruksjorda. Nå har fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa vurdert saka på ny og bestemt seg for å trekka motsegna.
25.11.2014
23. oktober gjennomførte Fylkesmannen ein ikkje-varsla kontroll av korleis Statens vegvesen utfører arbeidet sitt med omsyn til utslepp til sjø. I kontrollen blei det peikt på sju avvik.
14.11.2014
Tittelen seier kanskje ikkje all verda. Men jobben Anfinn Rosnes skal gjera er viktig. – Eg håper det kjem noko godt ut av prosessen, seier den ferske prosessrettleiaren for kommunereforma.
11.11.2014
Det er lege på vakt døgnet rundt i alle kommunane. Det er likevel stor variasjon i organisering, bemanning, opplæring og utstyr.
04.11.2014
1. november 2013 var Magnhild Meltveit Kleppa på plass som fylkesmann i Rogaland. Eitt år har gått – og ho saknar verken storting eller regjering.
31.10.2014
Under frivilligfesten på Statens Hus 25. oktober, takka fleire organisasjonar ja til intervju om kvifor dei engasjerer seg og kva dei trur om framtida. Sjå kva dei svarte!
28.10.2014
Lang eller kort tunnel, lang eller kort dagsone forbi Figgjo? Det må nå departementet ta stilling til. Fylkesmannen støttar Sandnes kommune sitt ønske om kort dagsone og lang tunnel, men den løysinga ønskjer ikkje Statens vegvesen for nye E39 forbi Figgjo.
20.10.2014
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa var vertskap for den store ringestafetten til inntekt for TV-aksjonen i dag. 100 næringslivstoppar og politikarar ringte lokale bedrifter for å få dei til å bidra.
15.10.2014
Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet fremma motsegn til Vindafjord sin plan for industriell aktivitet i Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord. Meklinga førte ikkje til semje, dermed går saka til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
10.10.2014