Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kommuneproposisjonen og forslag til revidert statsbudsjett 2014 blei lagt fram 14. mai. Dei viktigaste sakene er endringar i inntektssystemet og opplegget for arbeidet med kommunestruktur.
16.05.2014
Helsedirektoratet har publisert "Sammen om mestring", ein rettleiar for lokalt psykisk helse- og rusarbeid. Formålet med rettleiaren er å synliggjøre brukerane sine behov og understøtte det lokale psykiske helsearbeid og rusarbeidet for vaksne. Rettleiaren retter seg og mot dei distriktspsykiatriske senterane (DPS) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Med rettleiaren ynskjer Helsedirektoratet å klargjere nasjonale forventningar og stimulera til vidareutvikling og forbetring av tenestetilbodet.
02.05.2014
Store viktige sjøfuglområde i Rogaland er no rydda for mink. Fylkesmann og fleire kommunar har saman med frivillige hatt eit stort fokus på å fjerna villmink frå prioriterte område.
15.04.2014
Rogaland omdisponerte 737 dekar dyrka jord i 2013. Omfanget er lågare enn ein del andre år, men framleis høgast av alle fylke.
01.04.2014
Jærkommunane Time, Klepp og Hå er saumfart for hekkande viper, den fyrste totalteljinga av sitt slag. Her finn ein truleg den største samlinga av hekkande viper i landet, - og Klepp er klart den viktigaste kommunen.
21.03.2014
Tysvær kommune ber Fylkesmannen vurdere om kommunen kan krevje papirfakturagebyr for faste betalingsoppdrag for barnehage, skolefritidsordning, kulturskule samt husleige. I svarbrevet frå Fylkesmannen framgår det at dette varierer for dei ulike kommunale tenesteområda.
13.03.2014
På bakgrunn av merksemda i NRK Rogaland den siste tida rundt foreldre som verjer, ser Fylkesmannen behov for ei nærare avklaring av kven som kan vere verje, prosessen rundt oppnemning av verjer og når ei verje kan bli bytta ut.
07.03.2014
Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.
27.02.2014
FylkesROS Rogaland er no revidert. Fylkesmannen trekk fram klimatilpassing, sikker kraftforsyning, og samordning mellom ulike etatar og nivå som hovudutfordringar.
21.02.2014
Fyrstkomande søndag, 23. februar 2014, blir det både gudsteneste i domkyrkja og kyrkjekaffi i Rosenkildehuset for å markere opninga på grunnlovsjubileet i Rogaland.
14.02.2014