Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rogaland er nå inkludert i varselet om ekstremt vêr i dag. Det er varsla full storm, kan henda opp mot sterk storm 30 m/s. Vindkasta kan komma opp i 45 m/s.
10.01.2015
Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar store delar av motsegna som Fylkesmannen fremja i Bybåndet sør i Time kommune. Departementet si endelege avgjerd skjermar landbruksjord på Frøyland.
09.01.2015
Fylkesmannen har mottatt ny oppdatering frå Værvarslinga på Vestlandet. Det er framleis ikke venta ekstremvêr i Rogaland, men slik prognosane er nå kan me venta oss vestleg full storm i morgon.
Det er venta skikkeleg ruskevêr i Rogaland fredag og laurdag. Mykje vind og høge bølgjer gjer at folk bør vera varsame.
08.01.2015
Arbeids- og sosialdepartementet har justert satsane for utmåling av sosialstønad. Justeringa i 2015 er i tråd med den venta konsumprisveksten i nasjonalbudsjettet for 2015; 2,1 prosent.
07.01.2015
Det er nå full semje mellom kommunen og Fylkesmannen om ny kommuneplan for Suldal 2014-2025. Det er klart etter eit meklingsmøte tysdag.
FN sin organisasjon for landbruk og mat (FAO) markerer i 2015 det internasjonale året for vern av matjord. Året skal rette merksemd på kor viktig ei bærekraftig forvaltning av matjorda er og sikre denne verdfulle naturressursen.
06.01.2015
I romjula held Fylkesmannen ope mellom klokka 9 og 15. Vi er heilt stengt julaftan og nyttårsaftan.
Vi har lagt bak oss eit spennande år i Rogaland og 2015 kjem snart med nye utfordringar og gleder. Fylkesmannen nyttar høvet til å ønskje alle ei god og fredeleg jul og eit godt nytt år.
22.12.2014
På fredag blei to nye skogreservat verna etter naturmangfaldlova av kongen i statsråd; Eikebakka naturreservat i Sokndal og Tveitaneset naturreservat i Tysvær kommune.
16.12.2014
Kommunereform var tema på både 90- og 2000-talet, men det blei med snakket. Slik blir det ikkje denne gongen, påpeikte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på det såkalla Victoria-møtet 11. desember.
12.12.2014