Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Dette er det første frivillige barskogvernet i Rogaland. Reservatet dekker eit areal på 5,7 km2 på nordsida av Hålandsdalen i Suldal kommune. Verneforskrifta opnar for allmenn ferdsel - mellom anna bærplukking - og beiting av husdyr.
28.01.2013
Fylkesmannen meiner planprogrammet har med dei sentrale tema for revisjon av kommuneplan for Sandnes 2015-2030. Vi støttar grepet med eigen kommunedelplan for den viktige regionale planlegginga av Sandnes aust.
21.01.2013
Ordninga er ei oppfølging av Handlingsplanen for førebygging av uønske svangerskap og abort 2010-2015. Frist for å søkje er 15. januar 2014.
14.01.2013
Fylkesmannen i Rogaland stør framlegget om kystlynghei som utvald naturtype. Husdyrfylket Rogaland har, trass i omfattande oppdyrking, oppgjødsling og vindkraftkonsesjonar, etter måten store areal med kystlynghei med eit særprega plante- og dyreliv med fleire raudlisteartar.
07.12.2012
21.11.2012
Miljøverndepartementet godkjenner ikkje kommunedelplan for omkøyringsveg rundt Åkra på Karmøy. Departementet meiner at føreslått vegalternativ vil få store negative følgjer for nasjonalt og regionalt naturmangfald, jordbruk, friluftsliv og landskap. Motsegna frå Fylkesmannen til planen vart dermed tatt til følgje.
25.10.2012
Romsaøyane i Vindafjord er for all framtid sikra som friluftslivsområde for deg og meg. Desse øyperlene byr på gode havner for båtfolket, turstiar, fiskemuligheter og fine badeviker. På austsida av Store-Romsa ligg Noregs størst naturreservat for kristtorn.
24.10.2012
Fleirtalsspråket i Rogaland er nøytralt frå 1. januar 2020. Statsetatar med Rogaland fylke som ansvarsområde, kan dermed bruka både nynorsk og bokmål som tenestespråk. Dette gjeld mellom anna for nettstaden til Statsforvaltaren i Rogaland.
24.10.2012, Endret 14.07.2023