Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Gardbrukarar frå sørfylket gjennomførte onsdag brenning av lyng- og grashei i Synesvarden landskapsvernområde i Hå. Lyngbrenninga skjedde på oppdrag frå Fylkesmannen og er saman med beiting, eit skjøtselstiltak for å ta vare på landskapet.
20.03.2015
10. januar 2015 blei Rogaland råka av ekstremvêret Nina. Uværet førte til flest skadar i Nord-Rogaland, og det var straumbrot og problem med telefonsambandet som skapte størst problem. Dei mest omfattande skadane fekk Tysvær kommune, viser evalueringsrapporten.
19.03.2015
Fylkesmannen har nå laga ei oversikt over status i kommunane når det gjeld arbeidet med kommunereforma. Med få unntak er kommunane i Rogaland i god prosess med utgreiingar. Førebels har berre Forsand, Hjelmeland og Strand spørsmålet om samanslåing oppe til konkret vurdering.
Artsdatabanken lanserer den nye raudlista mot slutten av 2015, men allereie no kan du gå inn å sjå på dei førebelse resultata.
06.03.2015
Det har vore etterspurt ei stund, men nå er ventetida over. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fått laga eit ferdig verktøy for innbyggjarundersøkingar til bruk kommunereforma.
25.02.2015
Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.
Skatteinntektene auka mindre i fjor enn året før. Kommunane i Rogaland hadde også i fjor større vekst enn landet. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk litt ned i 2014
19.02.2015
DSB har publisert rettleiaren "Klimahjelperen - hvordan ivareta klimpatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven". Den vil vere til nytte for dei som abeider med arealplansaker og beredskap.
10.02.2015
17. mars er alle kommunane i Rogaland inviterte til såkalla prosessamling i samband med kommunereforma. Involvering av både tilsette og innbyggjarar blir viktige tema.
06.02.2015