Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Politiets sikkerhetsteneste PST har auka trugselbiletet i Norge. Fylkesmannen har vore i kontakt med politidistrikta i Rogaland og i Haugaland- og Sunnhordland. Vi har ingen spesifikk trugsel mot Rogaland.
24.07.2014
Fylkesmannen har gitt nye lokale forskrifter som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i Kvitsøy og Rennesøy kommunar i 2014. Jakta i denne perioden er strengt regulert.
23.07.2014
Vi opplever stor pågang på telefon og e-post i samband med purringar som har blitt sende ut om verjerekneskap. Vi vil difor informere om kva som skal sendast inn til Fylkesmannen.
15.07.2014
Laksen i Storåna i Ørsdalen forsvann truleg for 100 til 150 år sidan på grunn av forsuring. Etter kalking og forbetra vasskvalitet er det no sett i gang prosjekt for å få laksen tilbake i elva. Bjerkreim elveeigarlag, lokale jeger- og fiskerforeningar, Miljødirektoratet og Fylkesmannen samarbeidar om prosjektet.
14.07.2014
Fylkesmannen gjennomfører sommaren 2014 naturtypekartlegging i hovudsak i Suldal og i Haugesund. Miljødirektoratet kartlegg dessutan regnskog i dei fuktigaste delane av fylket.
07.07.2014
Statsborgarseremonien fann stad i eit flott pyntet Statens Hus. Seremonien blei leia av Magnhild Meltveit Kleppa og hovedtalar var statsråd Solveig Horne. Omlag 60 nye statsborgarar var til stades, og saman med familie og venar var det ca 180 personar på Statens Hus laurdag 14. juni 2014.
24.06.2014
Forvaltninga og folk flest har fått eit nytt verkty som gir betre tilgang til informasjon om vedtak innan rovvilt, områdevern, utvalgte naturtypar, utsetting av utanlandske treslag og artsfredning.
23.06.2014
Rogaland omdisponerte 737 dekar dyrka jord i 2013. Omfanget er lågare enn ein del andre år, men framleis høgast av alle fylke.
01.04.2014
Jærkommunane Time, Klepp og Hå er saumfart for hekkande viper, den fyrste totalteljinga av sitt slag. Her finn ein truleg den største samlinga av hekkande viper i landet, - og Klepp er klart den viktigaste kommunen.
21.03.2014