Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Den Høgvørde Kronprinsen besøker dei to neste vekene seks fylke for å lytte til erfaringar og lære om utfordringane folk har møtt under pandemien. Kronprinsen kjem til Florø 16. september med Kongeskipet.
04.09.2020
Fylkesmannen stiller i fråsegna til Kommunal- og moderniseringsdepartementet spørsmål ved nokre av dei foreslegne endringane som gjeld dispensasjonar frå planar og frå byggjeforbodet i strandsona.
03.09.2020
Nettsida bondeboka.no har ambisjon om å vere ein oppdatert og “to the point”-kunnskapsbase for bonden i Vestland fylke, der ein får svar på forvaltningsrelevante spørsmål i bondekvardagen.
02.09.2020
Kommunen skal som hovudregel ikkje ta stilling til privatrettslege forhold i byggjesaker. Dersom det er openbert at søkaren ikkje har rett til å disponere over tiltaket, skal kommunen avvise søknaden.
01.09.2020
Den moderne bonden skal i dag drive meir effektivt enn nokon gang før. Dette vil mellom anna seie å minimere klimautsleppa frå matproduksjonen – gjennom klimaklokskap. Når landbruksbygg skal reisast, rehabiliterast, fornyast og tilpassast, er klimaklokskap heilt avgjerande.
Det skal rapporterast til Fylkesmannen om endringar i tiltaksnivå, og ved eventuelle stengingar av barnehagar og skular.
27.08.2020
Vi ser auka trong for å kartlegge korallar i område der det skal utførast marine tiltak.
26.08.2020
Benjaminprisen blir kvart år det delt ut til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminerande haldningar og handlingar. Prisen vert delt ut av kunnskapsministeren i januar 2021 og omfattar eit diplom og ei pengegåve.
24.08.2020
Naddvik sankelag har etter søknad fått løyve til skadefelling av ein jerv i beiteområdet i fjellet mellom Årdal og Lærdal.
Barnehagar skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheiter avgjer at det skal være raudt tiltaksnivå.