Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen har fordelt 85 mill. kroner i skjønnsmidlar til 22 kommunar i Vestland, som har hatt store utbrot av covid-19 i perioden september til oktober.
02.12.2020
På fredag vart 28 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland fylke, i kommunane Aurland og Fjaler. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
30.11.2020
Klager på Koronakommisjonens avgjerder etter offentleglova skal avgjerast av ei uavhengig klagenemnd. Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid, er ein av medlemene i nemnda.
25.11.2020
Kinn kommune er eit døme til etterfølging fordi dei har brukarperspektivet med heile vegen, samtidig som dei har forankra reforma politisk, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie.
18.11.2020
Den 24. november kan du delta på webinar for kommunane om klimatilpassing av naturmiljø. Klimatilpassing er ein viktig del av naturforvaltninga i kommunane, og no kjem rettleiaren til korleis kommunane kan ta plangrep for å ta betre vare på naturen.
17.11.2020
For å bli prioritert innanfor ulike tilskotsordningar skal kommunane i løpet av 2021 anten ha vedteke ein plan for gjennomføringa av Leve heile livet-reforma, eller skildra korleis og når dei skal vedta ein slik plan.
Fylkesmannen i Vestland har oppheva Austevoll kommune sitt vedtak om at Eventus Sol-li barnehage AS må betale tilbake kr. 1 417 544 til kommunen.
16.11.2020
Resultata frå nasjonale prøver i 2020 er klare. På 5. og 8. trinn gjer Vestland det likt med landssnittet i engelsk og rekning, medan vi scorar noko lågare enn snittet i lesing. På 9. trinn gjer elevane i fylket det betre enn snittet i både lesing og rekning.
11.11.2020
Kommunar og frivillige organisasjonar i Vestland har fått over 42 millionar kroner til tilrettelegging for meir aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre.
06.11.2020
Det er ei uvanleg hending når det offentlege får ei unik gåve på meir enn 300 mål. Endå meir uvanleg er det at området inneheld den nest største konsentrasjonen av helleristingar i Noreg.
05.11.2020