Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det er Stortinget som har det siste ordet, men korleis meiner Fylkesmannen i Rogaland at den framtidige kommunestrukturen bør vera i Rogaland? Det får du svaret på i morgon. Du kan få med deg framlegginga "i levandes live" på både mobil, nettbrett og PC.
26.09.2016
I går var det siste møtet i den regionale ressursgruppa for kommunereforma. Hovudtemaet i møtet var status i arbeidet med Fylkesmannen si tilråding som skal presenterast 27. september.
01.09.2016
Kva har dei 26 rogalandskommunane bestemt seg for i kommunereformarbeidet? Her er alle vedtaka samla.
05.08.2016
Stortinget vedtok 13. juni justeringar i inndelingslova og kommunelova for å leggja til rette for enklare prosessar ved danning nye kommunar. Dei nye reglane gjeld frå 1. juli 2016.
28.07.2016
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har laga sin andre rettleiar med gode råd og tips om det å byggja ein ny kommune. Rettleiaren inneheld råd og tips frå tidlegare samanslåingar.
26.07.2016
Kommunar som ikkje rakk fristen 1. juli kan framleis få reformstøtte, lovar statsråd Jan Tore Sanner.
Val av forliksråd skal haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval. Valet gjeld for fire år frå januar det påfølgjande året.
14.07.2016
Alle kommunar i Rogaland har nå gjort sine kommunereformvedtak, og vi har nå eit bilete av det samla resultatet. 12 av kommunane har gjort vedtak om at dei ønskjer endring i kommunestruktur, og 7 av desse kommunane har funne saman.
28.06.2016
Fylkesmannen har denne veka fått tilsend ein mal for tilrådinga vår om ny kommunestruktur. Malen kan tilpassast det enkelte fylket.
10.06.2016
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har konkretisert nye oppgåver til kommunane, som ei oppfølging av oppgåvemeldinga frå våren 2014. Dette krev ein del endringar i lovverket, og dette er nå lagt ut på høyring.
02.06.2016
Kva blir utfordringane i kommunane fram mot endeleg vedtak i juni? Det var eitt av temaa då den regionale ressursgruppa for kommunereforma møttest 4. mai.
09.05.2016
I dag signerte ordførarane i Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy og Randaberg intensjonsavtalen for Utstein kommune. Fylkesmannen var til stades og skrytte av den gode dialogen som er komen i stand mellom dei fire kommunane.
22.04.2016