Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Førebels KOSTRA-tal for 2018 viser at kommunane i fylket under eit hadde et driftsresultat på 3,3 % av sum driftsinntekter, mot 2,1 % for landet utan Oslo. Dette er lågare enn for 2017.
05.04.2019
Det blir nå gjennomført ei brei nettbasert spørjeundersøking i alle rogalandskommunane. Dette er det første leddet i ein samarbeidsavtale me har gjort med forskingsinstituttet NORCE knytt til kommunestrukturen.
04.04.2019
Fylkesmannen har motteke krav om lovlegkontroll av kommunestyret i Forsand sitt vedtak om at det skal haldast folkerøysting. Konklusjonen er at vedtaket er lovleg.
02.04.2019
Mange kommunar melder også i år om eit godt økonomisk resultat for føregåande år, og også denne gongen er mykje av forklaringa høgare skatteinntekter enn venta. Sjølv om skatteveksten var lågare i kommunane i Rogaland enn landet får dei likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.
13.03.2019
Fylkesmannen i Rogaland og forskingsinstituttet NORCE har skrive under ein samarbeidsavtale om arbeid med kommunestrukturspørsmål. Første del av prosjektet er å gjennomføra ei brei undersøking i kommunane.
04.03.2019
Ved årsskiftet var me 475 654 innbyggarar i Rogaland. Det er om lag 2 000 fleire enn året før, men 14 kommunar hadde nedgang i folketalet i 2018, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
22.02.2019
Fylkesmannen vil med dette invitera kommunane til å søke om skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt for 2019. Søknadsfristen er 2. mai.
13.02.2019
Innbyggarinitiativet frå Forsand om å tilbakeføra delar av det grensejusterte området på nordsida av Lysefjorden frå Strand til Forsand, blir avvist av Fylkesmannen i Rogaland.
05.02.2019
Det er fordelt 2,18 mill. kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt. Dette kjem i tillegg til 3,67 mill. kr som blei fordelt i juni. Midlane går til tre nye prosjekt og som tilleggsløyving til fem av dei som fekk midlar i juni.
08.11.2018
I rammetilskotet til kommunane (jf. Grønt hefte), er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovud-momenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2019.
06.11.2018
Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,0 %, mot 2,9 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2018.
08.10.2018
Hjelmeland kommune er ute av ROBEK frå 9. august. Dermed er ingen kommunar i Rogaland med i dette registeret.
14.08.2018