Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Lodve Solholm går inn i sitt siste år som fylkesmann. Dette året er det særleg tre tema han er opptatt av å løfte fram: barnevernsvakt i alle kommunar, kortreist mat og forsøpling.
19.01.2018
I si klagehandsaming presiserer settefylkesmannen at jordvern skal vektleggast meir enn før i dispensasjonssaker jfr. endring av pbl. § 19-2. Dei skriv også at kommunen må grunngje sine vedtak betre og i tråd med vilkåra i plan- og bygningslova.
4. og 5. januar besøkte Kommunal- og forvaltningskomiteen fylket vårt. Besøket omfatta kommunane Kristiansund, Rauma og Molde.
08.01.2018
Avfallsverksemder må levere årsrapport til Statsforvaltaren. Fristen for innsending er 1. mars kvart år. Du finn skjema og meir informasjon i denne artikkelen.
04.01.2018
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette tirsdag 19. desember forskrift om samanslåing for kvar av dei 4 kommunesamanslåingane i Møre og Romsdal.
20.12.2017
I Veøy landskapsvernområde finn vi mange viktige verdiar. Forvaltningsplanen legg opp til eit samarbeid mellom dei ulike faginteressene i verneområdet. Saman skal vi skjøtte området til det beste for arkeologi, kulturhistorie og natur, samtidig som bruken av øya som rekreasjonsmål skal halde fram.
18.12.2017
Fylkesmannen har inngått skjøtselsavtale for 30 verdifulle kystlyngheier, over 150 artsrike slåttemarker og nokre få slåttemyrer i løpet av dei siste åra. Aktiv skjøtsel basert på faglege råd i skjøtselsplanar skal bidra til å betre tilstanden for desse naturtypane. Arbeidet er forankra i mål i nasjonale handlingsplanar.
Herøy og Vanylven møtte 6. og 7. desember til ei oppstartssamling for samarbeidsprosjektet kommunane imellom.
08.12.2017
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i to klagesaker om jordvernomsyn. Vurderingskriteria i begge desse sakene gjeld alle dispensasjonsvurderinger, som handlar om omdisponering av landbruksareal, og kan vere ei nyttig rettesnor i framtidig sakshandsaming for kommunane i Møre og Romsdal.
04.12.2017
Lag ei matpakke med mat frå Vestnes og kombiner med lokale aktivitetar! Dette var oppdraget som elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule fekk på innovasjonscamp førre veke.
03.11.2017