Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.
20.06.2018
Dei endelege tala frå KOSTRA syner at 4025 dekar jord vart vedtatt nedbygd i 2017 i Noreg. Møre og Romsdal er det fylket som byggjer ned mest matjord i heile landet, med 734 dekar dyrka jord. Bustad- og vegbygging er hovedårsaka til det omfattande tapet av viktig matproduserande landbruksareal.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhold i 3 klagesaker, der alle hadde viktige, prinsipielle moment, som kommunane i fylket bør leggje til grunn i si sakshandsaming i dispensasjonsvurdering og vedtak. Dette gjeld drifts- og miljømessige ulemper, presedensverknad og fritidsbustad på dyrka mark med vilkår.
31.05.2018
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender i dag ut eit brev til ordførarane og rådmennene i Møre og Romsdal, med ei oppmoding om å setje forsøpling på dagsorden.
26.04.2018
Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.
24.04.2018
I Ulsteinvik møtte det laurdag 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien. Det var ekstra kjekt at desse kom frå alle dei 17 kommunane på Sunnmøre.
17.04.2018
Fylkesmannen er ute med nytt nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside, nr 1/2018.
04.04.2018
Fredag 23. mars, la fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråding i dei fem grensejusteringssakene i Møre og Romsdal. Vi har lagt ut oversendingsbreva til KMD med tilråding og vedlegg for alle dei fem grensejusteringssakene, i denne artikkelen.
22.03.2018
Helsedirektoratet skriv på sine heimesider at fastlegar ikkje skal skrive ut legeattest som seier at pasientar har helseplager som skuldast stråling frå automatiske straummålarar.
20.03.2018
Merking av Trollheimen påbegynt i 1990 er nå ferdig, og Miljødirektoratet har vedtatt to mindre grensejusteringer og rettet forskriften i tråd med nytt vernekart.