Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I år er det 5 år sidan angrepet på regjeringskvartalet og på Utøya. Fylkesmannen vil markere dagen offisielt med ein minneseremoni i Molde Domkirke, fredag 22. juli kl. 15:00-17:00. Minnemarkeringa skjer i samarbeid med Biskopen i Møre, Molde International Jazz Festival, og i forståing med støttegruppa for pårørande i fylket.
15.07.2016
Dette er eitt av fleire funn i mjølkeundersøkinga som vart gjennomført av Trøndelag Forskning og utvikling, på vegne av fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms.
05.07.2016
Dei gamle slåttemarkene, eller blomsterengene, er ein trua naturtype som sidan 2009 er følgd opp med eigen handlingsplan og tilskotsordning. I dag blir 150 slike enger skjøtta i fylket vårt.
04.07.2016
I dag er det 1. juli 2016, og fung. fylkesmann Rigmor Brøste kan informere om at alle 36 kommunane i Møre og Romsdal har gjort endeleg vedtak i kommunereforma innan fristen.
01.07.2016
Alle kommunane i Møre og Romsdal har fatta endelege vedtak i kommunereforma innan fristen 1. juli.
30.06.2016
Kommunane har viktige oppgåver i landbrukspolitikken, og landbruksnæringa er avhengig av at den lokale forvaltninga er kompetent og godt organisert. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjort ei analyse av landbruksforvaltninga i kommunane.
27.06.2016
Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått ein dispensasjonssak frå Giske kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.
Landbruksnæringa er, på lik line med andre næringar og kanskje i enda større grad, avhengig av kjente arealmessige rammer og moglegheit for utvikling. Fylkesmannen meiner at Surnadal kommune kunne prioritert landbruksnæringa og jordvernet enda sterkare enn kva forslaget til ny kommuneplan no legg til grunn. Dette for å nå dei nasjonale målsettingane om auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad, samt tydelige styringssignal om auka fokus på jordvern.
Averøy kommune har hatt sin kommuneplan med arealdel ute på offentleg høyring. Fylkesmannen har verken motsegn eller faglege råd på vegne av landbruksinteressene, og vil gi ros til kommunen for å ha teke nasjonale føringar om eit sterkare jordvern på alvor.
15.06.2016
Fylkesmannen hadde motsegn til Ålesund kommuneplan sin arealdel, der kommunen ville omdisponere ei dyrka mark på 14 daa til idrettsbane. Nytt forslag frå kommunen gjer at Fylkesmannen trekkjer motsegna.