Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kontrollert rekneskap for 2015 i alle kommunane med omsyn til inn- og utmelding i register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek), jf kommunelova §60.
15.09.2016
Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.
02.09.2016
I dag har Fylkesmannen fått gode innspel til sluttarbeidet med tilrådinga i høve ny kommunestruktur i Møre og Romsdal.
31.08.2016
Fylkesmann Lodve Solholm og ass. fylkesmann Gunnar O. Hæreid i Sogn og Fjordane, markerte i dag oppstarten for nye Volda og Hornindal kommune på Austefjord skule nær grensa til Sogn og Fjordane. Dette er ei kommunesamanslåing over fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
25.08.2016
Fylkesmannen er ute med sitt andre nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside. Tema i dette brevet femner vidt,
24.08.2016
Flatbrød med ramsløk fra Mosbøen Gård i Øksendal vart i år kåra til Årets produkt i OI!, Trøndersk Matfestival. Mosbøen gjekk til topps i konkurranse med alle dei andre landbruksbaserte produkta på festivalen!
08.08.2016
Det har vore lite regn i vår og sommar. Difor har det vore svært lite vatn i dei elvane som ikkje blir forsynt av vatn frå snøsmeltinga i høgfjellet. Det har ført til at laks og sjøaure som er på veg mot elvane for å gyte har blitt ståande i fjorden. Dette har ført til eit aktivt fritidsfiske etter laks og søaure i sjøen.
22.07.2016
- KOSTRA-tal viser mindre tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal i 2015 samanlikna med 2014. Men framleis er vi det fjerde største fylket i landet i høve omdisponering av dyrka mark, og ut i frå det begrensa arealet ein har i Møre og Romsdal er resultatet for 2015 urovekkjande.
20.07.2016
Statsråd Jan Tore Sanner og fylkesmann Lodve Solholm markerte idag oppstarten for 3 nye kommunar i Møre og Romsdal i historiske omgjevnader på Romsdalsmuseet.
18.07.2016
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin årlege rapport om utviklinga i kommuneøkonomien viser at kommunane i fylket samla fekk eit solid netto driftsresultat i 2015.