Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Møre og Romsdal har fått 250 000 kroner til klima- og miljøtiltak i landbruket. Fylkesmannen ønskjer å prioritere organisasjonar som vil arbeide med for eksempel handtering av husdyrgjødsel, reduksjon av klimagassutslepp og hydrotekniske tiltak.
23.04.2015
Fylkesmannen kan gje tilskott til prosjektarbeid som skal hjelpe fram landbruksnæringa og ny landbruksbasert verdiskaping. Dei som kan søkje, er organisasjonar, kommunar og institusjonar. Ein del av desse midla kan brukast til å støtte bygdemobiliseringsarbeid, som er lokalt utviklingsarbeid for å arbeide med næringsutvikling, tilflytting og trivsel.
27.03.2015
Kan vi få tilbake noko av husdyrhaldet i Geiranger? Ei arbeidsgruppe vil presentere resultat og forslag til løysingar på eit ope møte måndag 23. mars. Gruppa har spesielt sett på moglege løysingar når det gjeld økonomi, organisering og bygging av driftsbygningar.
20.03.2015
Christian Finnanger frå Landbruksdirektorat kjem til Molde måndag 9. februar, der han vil orientere tilsette i kommunane i Møre og Romsdal om korleis det nye regelverket skal handterast.
03.02.2015
Den vellagra blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost AS gjekk av med sigeren for Årets beste meieriprodukt i Det Norske Måltid. Kristin Waagen og Egil Smith-Meyer mottok den gjeve prisen under prisutdelinga i Stavanger torsdag.
09.01.2015
Under Dyregoddagane 2014 i Gjemnes delte Innovasjon Norge ut bygdeutviklingsprisen til Gjøra bygdeutvikling i Sunndal. Gjøra bygdeutvikling har stått for mobilisering i bygda. Dei har m.a. redda butikken som Coop la ned, noko som skapte kraftig mobilisering av både folk og kapital.
08.09.2014
Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.
05.09.2014
Coop fekk tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt 2014. Dei fekk prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid, og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet. Dette sa landbruksdirektør Anne Berit Løset m.a. ved utdelinga
28.08.2014
Coop får tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt. -Dei får prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid og at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.
27.08.2014
Jordbruksareala i Møre og Romsdal er fragmenterte. Arealet har totalt gått ned, men samtidig er det mange gardbrukarar som satsar friskt. Auka andel leigejord gir utfordringar.
25.07.2014