Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nortura har nyleg avslutta eit treårig prosjekt der målet var å auke smågrisproduksjonen i Møre og Romsdal. Målet med prosjektet var å rekruttere mellom fem og ti nye smågrisprodusentar i fylket og i tillegg rekruttere slaktegrisprodusentar. Dermed kunne den produserte smågrisen også fôrast fram i fylket.
29.10.2015
Skåla Bær AS i Molde er tildelt Bygdeutviklingsprisen 2015 i Møre og Romsdal. Prisen er på 50 000 kroner. I tillegg går Skåla Bær vidare i konkurransen om den nasjonale bygdeutviklingsprisen. Prisen vart delt ut under Dyregoddagane i Batnfjorden i starten av september 2015.
01.10.2015
Fylkesmannen har framleis over 400 000 kroner i tilskotsmidlar til drenering som ikkje er fordelte på kommunane. Dei kommunane som er første ute og melder frå om auka behov vil få ekstra tildeling. Bønder som har areal som treng drenering bør søkje om tilskott no.
07.09.2015
I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.
04.09.2015
Sekken tiltaksnemnd og fylkesmannen inviterer til inspirasjonssamling for alle som er opptekne av lokalsamfunnsutvikling og bygdemobilisering. Tid og stad er 25. september på Sekken ungdomshus utanfor Molde.
02.09.2015
Ei engasjert Sylvi Listhaug opna inspirasjonsdagen som vart arrangert i samband med konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk".
28.08.2015
Bioforsk på Tingvoll har dette året fått løyving til to prosjekt for å finne årsaken til alveld og å arbeide vidare med forebyggande tiltak mot sjukdommen.
30.06.2015
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug inviterer alle landets sjukeheimar og institusjonar til ein konkurranse rundt matglede for eldre. Konkurransen skal auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for eldre. Statsråden skriv no brev til alle ordførarar der ho bed dei engasjere seg for å betre institusjonsmaten.
16.06.2015
Landbruksmuseet for Møre og Romsdal arrangerer jordvernkonferanse ved Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 13. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom museet, fylkesmannen og Møre og Romsdal bondelag. Forfattar Edvard Hoem er blant innleiarane.
15.05.2015
Fylkesmannen vil også i år dele ut kulturlandskapsprisen. Prisen, som er på 10.000 kr og eit kunstverk, skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkjer seg med miljøvennleg drift. Lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar vert oppmoda om å kome med forslag til kandidatar innan 1. august.
24.04.2015