Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Landbruksdirektoratet overlevert to utgreiingar, som tek føre seg viktige problemstillingar for eit styrka jordvern.
30.09.2016
Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.
Stadig fleire vel å bruke tre som bygningsmateriell. Gode effekter på inneklima, pris, byggetid og miljøvenleg bygningsmaterial gjer at bruken av tre er aukande!
28.09.2016
Ved fråsegn til 2. gongs høyring for kommunedelplan Isfjorden i Rauma kommune, hadde Fylkesmannen 3 motsegner på vegne av landbruksinteressene. Ved 3. gongs offentleg ettersyn er alt teke til etterretning, og Fylkesmannen kunne dermed trekke motsegna knytt til plana for landbruksinteressene.
Ønsker de å utvikle prosjekt som kan høgde kompetansen til den norske bonden, gartnaren eller skogbrukaren? Fristen for å sende inn søknad om tilskott frå Kompetanseutviklingsprogrammet for landbruket (KIL) for 2017 er 16. desember 2016. KIL-midla for 2017 er på 6 millioner kroner.
26.09.2016
Etter tredje gongs søknad fekk endeleg Ørstaterminalen tilsagn om midlar til tømmerkai. Landbruksminister Jon Georg Dale møtte sjøl opp i Ørsta 21.09.2016, og fortalde om gladmeldinga.
22.09.2016
Sunn jord betyr sunt liv! Her kan du lære meir om kvifor jorda er viktig og korleis matjorda er truga.
21.09.2016
Ein ny rapport frå NIBIO synleggjer kva klimaendringar vi kan vente, og kva konsekvensar dette har for landbruket i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tiltak for å møte utfordringane er mellom anna auka drenering, bruk av klimatilpassa plantemateriale og endra gjødslingspraksis.
07.09.2016
Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.
02.09.2016
Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.
01.09.2016