Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Dersom åkerrikse, vipe eller storspove hekkar i jordbrukslandskapet der du bur, bør du kontakte bonden og kommunen eller fylkesmannen. Viss slåtten blir utsett, bidreg det til å ta vare på artar, som er i tilbakegang, og bonden kan få tilskot for det.
31.05.2017
Det nyttar å arbeide med utbetring av flaskehalsar i tømmertrransporten. Eit prosjekt med fokus på flaskehalsar i vegnettet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar.
12.05.2017
Prosjektet «Økt sau- og storfekjøttproduksjon i Møre og Romsdal» starta opp i 2014, og vart avslutta i april 2017. Ambisjonen ved prosjektstart var 5 prosent produksjonsauke i forhold til 2012. I utgangspunktet vart dette oppfatta som offensivt – men ved prosjektslutt er målsetjingane oppfylt med god margin.
10.05.2017
Auka grovfôravlingar og betre tilpassa grovfôrkvalitet. Dette har vore to av dei viktigaste måla i prosjektet «Best på fôr». To grupper bønder har i fleire år jobba systematisk med å betre grovfôrdyrkinga si. I prosjektet har fleire organisasjonar arbeidd saman, for å gje bøndene samordna rådgiving om dyrking av grovfôr.
09.05.2017
Fylkesmannen er ute med nytt nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside, nr 1-2017. Her er fleire spennande artiklar.
Region Nordhordland har laga ein rettleiar der det er samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Eit av råda i rettleiaren er at den beste måten å vere i forkant på er å tenke massehandtering i planarbeidet.
18.04.2017
Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen foreslått Averøy kommune som kandidat nr. 1 og Tingvoll kommune som nr. 2.
07.04.2017
Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan sende inn Del 2 av søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot for 2018 frå og med teljedatoen, som er 1. oktober 2019. Søknadsfrist 15. oktober. Det er umogleg å levere etter fristen, uten at du har fått innvilga dispensasjon.
05.04.2017
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.
20.03.2017
Tingvollost AS er tildelt Fylkesprisen Årests Bedrift, ein pris som Møre og Romsdal fylkeskommunen deler ut ein gong i året.
15.03.2017