Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Har dykk behov for tilpassa tilbod som gir mestring, utvikling og trivsel for menneske i alle aldre?I Inn på tunet-uka kan du få innsikt i mogelegheitene Inn på tunet kan gi.
06.10.2022
Den 21.-22.september arrangerte Statsforvaltaren forvaltningssamling for dei kommunale landbrukskontora i Møre og Romsdal. Samlinga hadde eit variert program og god deltaking frå alle kommunane.
23.09.2022
– Vi har eit godt regionalt næringsliv innan tre. Det merkelege er at trea vi foredlar som regel ikkje kjem frå vestlandsk skog. Ofte ikkje eingong frå norsk skog. Vi må sjå høve til å foredle tømmeret vi produserer her i fylket. Ein slik bruk av råstoff er klimavenleg, kortreist og gir moglegheit for ombruk og lokal verdiskaping, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.
08.09.2022
Heile 19 sjuke- og aldersinstitusjonar i Møre og Romsdal har søkt om å få besøk av Matgledekorpset i haust. Auka mat- og måltidsglede til eldre er eit viktig satsingsområde for mange institusjonar.
07.09.2022
– Det betyr utruleg mykje for oss å få denne prisen, seier Gudmund Kårvatn. Saman med kona Cathrine fekk han Kulturlandskapsprisen i dag.
06.09.2022
I denne veka og i neste veke blir det utbetalt ekstra produksjonstilskot for 2022.
Gudmund og Cathrine Kårvatn får kulturlandskapsprisen i 2022. Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe.
01.09.2022
Ei kartlegging hos dei vidaregåande skulane syner at mange opplever Inn på tunet (IPT) som dyrt og lite tilgjengeleg. Men dei skulane som nyttar seg av Inn på tunet-tenester har positive erfaringar og tilbakemeldingar.
31.08.2022
Årsakene er mange til at tømmerprisar og materialprisar har vore høge dei siste åra. Utfordringar kring transport grunna Covid-19, sjukdom og insekt på skog og tørke i fleire område i verda, har saman ført til ein auke i tømmerprisane.
24.08.2022
Brune bladskjelett er resultatet når orebladbillene forsyner seg grådig av lauvet på oretrea.
16.08.2022