Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Statsforvaltaren arrangerte skogsamling for kommunalt tilsette i Ørsta den 16.-17.november. Andre aktørar som arbeider innan skogbruk i fylket vert og invitert.
23.11.2022
Matgledekonferansen 2022 samla deltakarar frå institusjonar over heile fylket. Felles for alle er at dei ønskjer å bli enda betre på å tilby gode måltid og måltidsglede til sine bebuarar.
22.11.2022
Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale.
21.11.2022
I januar 2023 er det på ny klart for «Grüne Woche» i Berlin. Den vestnorske delegasjonen er i full gong med førebuingane, og alt ligg til rette for å by på mange gode smakar frå landet og regionen vår!
15.11.2022
Gardbrukarar som tilbyr, eller ynskjer å tilby, Inn på tunet-tenester i Møre og Romsdal har vore samla til ein fagdag. Både oppvekstreforma og behov for godkjende lærebedrifter var tema denne dagen.
27.10.2022
Matgledekorpset er no ute og besøker institusjonar i Møre og Romsdal som ynskjer å jobbe med matglede for eldre.
12.10.2022
For ikkje mange år sidan var Ørsta kommune «jordvernversting» i Møre og Romsdal. Ørsta var kommunen som omdisponerte mest matjord til andre føremål. No er Ørsta først i fylket med å lage eigen jordvernstrategi.
11.10.2022
Er du student og planlegg å skrive ei oppgåve om bruk av tre? Vel du ei oppgåve i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan du søke om kr 10 000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal.
10.10.2022
Krav til nye driftsbygningar gjer at storfeprodusentar som har båsfjøs i Møre og Romsdal kan få støtte til rådgjeving for omstilling. Støtte kan gjevast både til mjølkeprodusentar og til kjøt- og ammekuprodusentar.
Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Då kan de søke om støtte og få inntil 40 000 kroner som de kan nytte til utgreiing, forprosjekt eller studieturar.
06.10.2022