Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 


Publisert 16.03.2021

Kunngjering - Nytt løyve til Avinor AS avd. Bergen Lufthavn

Avinor AS avd. Bergen Lufthavn har den 8. mars 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til auka bruk av fly- og baneavisingskjemikalier.


Publisert 16.03.2021

Kunngjering - Nytt løyve til avløpsreinseanlegg i Søre Askøy tettstad

Askøy kommune fekk 12. mars 2021 løyve etter forureiningslova til utslepp frå  avløpsreinseanlegg med sekundærreinsing i Søre Askøy tettstad.


Publisert 02.03.2021

Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Langøylaks AS, Austevoll Melaks AS og Troland Lakseoppdrett AS fekk 26.02.2021  løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Bleket.

                                                         


Publisert 20.02.2021

Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av E39 Myrmel-Lunde

Statens vegvesen har 19. februar 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av Myrmelstunnelen i Sunnfjord kommune. 


Publisert 10.12.2020

Kunngjering - mellombels løyve til bygging av Offerdal kraftverk i Årdal kommune

Offerdal kraftverk AS har 24. november 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av tunneldrivevatn i samband med bygging av Øvre - og Nedre Offerdal kraftverk. Dei har samstundes fått løyve til å fylle ut med overskotsmassar i Årdalsfjorden. 


Publisert 24.11.2020

Kunngjering - Endra løyve til Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik

Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik har 19. oktober 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Knarrevik industripark i Øygarden kommune. Løyvet slår saman tidlegare løyve til eitt løyvedokument. 


Publisert 24.11.2020

Kunngjering – Nytt løyve til forureining for landbasert akvakulturanlegg i Svelgen

Utsleppsløyva for lokalitetane Breivika V og Breivika Ø er slege saman til eit nytt løyve.


Publisert 20.11.2020

Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg i Kvinnherad kommune

Byggservice AS har 17. november 2020 fått løyve etter forureiningslova til mottak, 
mellomlagring og knusing av brukt asfalt og betong på Sunde industriområde.


Publisert 03.11.2020

Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av Tverrelvi kraftverk i Voss herad

NGK Utbygging AS har 30. oktober 2020 fått mellombels løyve til utslepp.  


Publisert 02.11.2020

Kunngjering – Nytt løyve til forureining for akvakulturanlegg i Fjaler kommune

Mowi ASA har 30.10.2020 fått mellombels utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av matfisk på lokaliteten Kyravika.