Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 


Publisert 16.08.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø for Elkem Bremanger

Elkem Bremanger fekk 16. august 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for utviding av eksisterande kai. 


Publisert 02.07.2024

Kunngjering av løyve til utdjuping foran Kyrkjenes tømmerkai i Ullensvang kommune

Indre Hardanger Skogeigarlag fekk 2. juli 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø (undervassprenging og omplassering av sprengte massar på djupare vatn). Formålet med tiltaket er å auke seglingsdjupne ved eksisterande tømmarkai på Kyrkjenes gnr./bnr. 251/20 i Ullensvang kommune. 


Publisert 28.06.2024

Kungjering av løyve til utfylling i sjø - Domstein næringsområde i Kinn kommyne

Domstein AS fekk 5. juli 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å utvide Domstein næringsområde i Ulvesundet. 


Publisert 26.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Skårastranda næringsområde i Kinn kommune

Skårastranda AS fekk 26. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å utvide Skårastranda næringsområde i Ulvesundet. 


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Byrknesøy i Gulen for SIL Eiendom

SIL Eiendom AS fekk løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø 24. juni 2024. Formålet med utfyllinga er å etablere fundament for hotell, svømmebasseng og kai i samsvar med reguleringsplan for området. 


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av endra løyve- Kystverkets farledsutdjuping innseglinga til Florø

Statsforvaltaren endra 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til utdjuping av farleia inn mot Florø hamn. Løyvet er gjeven til Kystverket.


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - utviding av Flåm cruisekai for etablering av landstraum

Aurland Hamnevesen KF fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Føremålet med tiltaket er å utvide Flåm cruisekai for å tilretteleggja for landstraum til cruiseskipa.


Publisert 24.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Lesto næringsområde i Stad kommune

Kystverket fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden. 


Publisert 20.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -Svanøy Havbruk i Kinn kommune

Svanøy Havbruk fekk løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø 20. juni 2024. Formålet med tiltaket er å utvide landarealet på anlegget i Svanøybukta basert på utfylling i sjø, gnr/bnr 117/42 i Kinn kommune


Publisert 19.06.2024, Sist endra 28.06.2024

Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen

Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.