Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Smittevern

Oppdatert 20.12.2023

Godt smittevern er ein føresetnad for å avgrense utbrot og spreiing av smittsame sjukdommar i helsetenesta og samfunnet. Godt smittevern er også avgjerande for å handtere utfordringa med antibiotikaresistens.

Regjeringa har lansert ein handlingsplan for eit betre smittevern. Handlingsplanen skal redusere helsetenesteassosierte infeksjonar og gi betre organisering og struktur av smittevernet i Norge.

Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens er eit veksande problem i verda og er eit alvorleg trugsmål mot global helse. Vi risikerer ei framtid utan effektive antibiotika, der infeksjonar som i dag blir rekna som ufarlege, igjen kan bli eit stort helseproblem og ein hyppig dødsårsak.

Smittevern og infeksjonsførebygging bidrar til å hindre antibiotikaresistens. Høg vaksinasjonsdekning, både i befolkninga generelt og spesielt blant helsepersonell, er eit viktig tiltak.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å setje i verk smitteverntiltak, og følgjer opp bruken av antibiotika. Statsforvaltaren skal dessutan bidra aktivt for å auke talet på personar som vaksinerer seg mot sesonginfluensa, særleg blant tilsette i helsetenesta. Statsforvaltaren arrangerer kvart år smittevernkonferansar for kommunale leiarar og anna personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Pandemihåndtering

Statsforvaltaren hadde ei sentral rolle i handteringa av koronaepidemien. Vi har nær kontakt med sentrale helse- og beredskapsstyresmakter og kommunar og kunne informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Statsforvaltaren har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyresmakter og kommunane.

Vis meir


Publisert 30.04.2021

Kor mange helsepersonell har fått AstraZeneca-vaksine i din kommune?

Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.


Publisert 22.04.2021

Bli med på markering av Håndhygienedagen

Smittevern er livsviktig! Det siste året med covid-19 har gjort dette endå meir tydeleg for oss. 5. mai er verdas handhygienedag.


Publisert 19.03.2021

Tilrådingar for påskeferien

Påskeferien nærmar seg. Det er viktig å følgje nasjonale og lokale råd og reglar for å hindre smitteauke. Det overordna reiserådet er det same som før: Unngå alle unødvendige reiser.


Publisert 05.03.2021

Klem er nær fysisk kontakt

Kommunane skal følgje dei nasjonale tilrådingane om besøk i sjukeheim så lenge den lokale smittesituasjonen ikkje tilseier ein strengare praksis.


Publisert 11.02.2021

Fylkeslegens vurdering av risikonivå i Vestland

Her finn du fylkeslegens vurderingar av risikonivå i Vestland, oppdaterast ein gong per veke frå februar 2021.


Publisert 04.02.2021

Folkehelseinstituttet sender SMS om Smittestopp

Folkehelseinstituttet (FHI) sender torsdag 4. februar ein SMS om appen Smittestopp til innbyggjarane i Vestland. 


Publisert 18.12.2020

Rundskriv om kommunale smittevernvedtak er revidert

Målet med rundskrivet er å gi kommunane rettleiing om lokale smitteverntiltak som kan vere nødvendige ved lokale utbrot.


Publisert 18.12.2020

Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida

Jule- og nyttårsfeiringa står for døra, og mange som tek imot helse- og omsorgstenester vil i denne tida få besøk, eller ønske å dra heim til pårørande, vennar og familie.


Publisert 12.10.2020

Kommunane må leggje til rette for besøk

Helsedirektoratet har revidert tilrådingane for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og omsorgsbustader. 


Publisert 09.10.2020

E-læringskurs om prøvetaking ved covid-19

Eit nytt e-læringskurs som tek føre seg prøvetakar si rolle ved covid-19 er tilgjengeleg.