Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Demensplan 2025 er ein femårsplan for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.
07.05.2021
Kompetanseløft 2025 skal sikre at den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta har tilstrekkeleg og kompetent bemanning.
Ein pasient var utsett for to alvorlege hendingar knytt til administrasjon av legemiddel då ho var innlagt på Haukeland universitetssjukehus. Statsforvaltaren har konkludert med at helsehjelpa ho fekk ikkje var forsvarleg.
05.05.2021
Ungdom som bur på barnevernsinstitusjon kan øvingskøyre dersom helsekrava er oppfylte. Det er opp til institusjonen om dei vil tilby ungdommane dette under institusjonsopphaldet.
04.05.2021
Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.
30.04.2021
Statsforvaltaren er klage- og kontrollinstans for mange vedtak om bruk av tvang i helse-, sosial- og barnevernstenestene. I 2020 hadde vi totalt sett eit større tal saker i Vestland fylke mot året før.
23.04.2021, Endra 28.04.2021
Føremålet med tilsyn er ikkje å straffe eller pålegge skuld, men å bidra til trygge og forsvarlege tenester som folk kan ha tillit til. Helsetenestene og helsepersonell er ansvarlege for å innretta praksis i samsvar med helselovgjevinga. Dei har òg plikt til å følgje opp alvorlege hendingar.
23.04.2021
I 2020 kom det 92 meldingar om alvorlege hendingar frå helsetenestene i Vestland fylke.
EØS-reglane for lovleg opphald i Noreg gjeld ikkje lenger for britiske borgarar, og det kan få verknad for retten på sosialhjelp.
23.04.2021, Endra 26.04.2021
Statsforvaltaren i Vestland får ein del spørsmål om sosialstønad til buutgifter, både frå tilsette ved Nav og frå personar som søkjer Nav om hjelp. I tillegg er buutgifter ofte tema i klagesaker som vi behandlar.
22.04.2021, Endra 23.04.2021