Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Helsedirektoratet har lansert fleire verktøy og ressursar for allmennlegar, tilsette i helse- og omsorgstenestene og pårørande til personar med demens.
19.12.2023
Statsforvaltaren skal auke kunnskapen om og gjennomføringa av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i alle kommunar. Vi ber difor om kontaktpersonar.
Ukrainske flyktningar som fyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29 har rett på kvalifiseringsprogram.
Helseteknologiordninga skal støtte innføring av ny teknologi i helse- og omsorgstenesta, og føre vidare satsinga på velferdsteknologiområdet. Søknadsfristen er 15. januar.
18.12.2023
Tilsynet viser at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølv, og at kvaliteten på tenestetilbodet ikkje er god nok.
12.12.2023
Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.
07.12.2023
Statens helsetilsyn planlegg tilsyn etter folkehelselova, i alle kommunane i landet i 2024. Temaet er kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid med å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
17.11.2023
Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke sitt arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.
15.11.2023, Oppdatert 05.12.2023
Forskrifta har som mål å bidra til at miljøet i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og ordningar for leksehjelp fremmer barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring. Den skal i tillegg førebyggje sjukdom, skade og alvorlege hendingar.
15.11.2023
Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 til 2023 hadde Nav Bjørnafjorden prosjektet «Posterus». Vi har lyst å fortelje litt om prosjektet.
13.11.2023