Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Statsforvaltaren skal delta i nasjonal tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet. Målet er å kontrollere om kommunen tar sitt ansvar for tilstrekkeleg reinsing av avløpsvatn og at kommunen ikkje tillet utbygging utan tilstrekkeleg kapasitet ved avløpsnett og reinseanlegg.
23.08.2021
Statsforvaltaren har gjeve Not Sinterco Pulverlakk AS løyve til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Hegland industriområde i Larvik kommune.
13.08.2021
Statsforvaltaren har i dag sendt Miljødirektoratet ei tilråding om frivillig vern av seks område i vårt fylke. Tre av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.
10.08.2021
I går sendte Statsforvaltaren tilråding om utviding av Bjønntjenn naturreservat i Drangedal kommune og Midtstrondbekken naturreservat i Tinn kommune. Det er Statsskog SF som er grunneigar.
Noreg har 47 nasjonalparkar, Vestfold og Telemark har tre av dei.
19.07.2021
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og det har vore svært vellukka.
12.07.2021
Framande artar er eit aukande problem både globalt og nasjonalt - og dette truar naturen vår. Vêr ein ansvarleg hageeigar og pass på at artane ikkje spreier seg frå hagen din.
05.07.2021
Frå 1. juli 2021 gjeld nye reglar med mellom anna strengare krav til fysiske barrierar rundt kunstgrasbanar, og krav om forsvarleg handtering av snø som inneheld granulat.
02.07.2021
Olaf Rinde har fått løyve til å fylle ut for å etablere fundament for fellesbrygger.
25.06.2021
Vestfold og Telemark fylkeskommune har fått løyve til mudring og utfylling for utbedring av veg.
24.06.2021