Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Gravplassmyndigheit

Oppdatert 03.01.2025

Statsforvaltaren er regional gravplassmyndigheit. Oppgåvene for heile landet er samla hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Statsforalterens oppgåver er:

  • saksbehandling etter gravplasslova og gravplassforskrifta, som godkjenning av gravplassplanar og lokale vedtekter for gravplassar
  • gje innspel til arealplanar som vedkjem gravplassar 
  • klagebehandling
  • rettleie lokale gravplasstyresmakter om gravplasslova og gravplassforskrifta.

Gravplassrettleiaren er laga for å hjelpe instansar med myndigheit innan kremasjon, gravferd og gravplass. 

På nettsida til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark finn du meir informasjon, nyhende og ressursdokument.

Vis meir


Publisert 14.02.2024

Digitaliserer tenestene rundt eit dødsfall

Digital gravferdsmelding skal gjere det enklare å ta praktiske val i samband med ei gravferd. Tenesta erstattar ikkje eventuell kontakt med trus- og livssynssamfunn og gravferdsbyrå, men kan gjere deg meir sjølvhjelpen og koplar dessutan saman aktørar som har ei rolle når nokon døyr.