Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen har endra vilkår i Fiskå Mølle AS sitt løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Endringane er gjort på bakgrunn av støyklagar og endra metode for utfylling.
03.08.2016
Statoil ASA søkjer om løyve etter forureiningslova til arbeider i sjø ved eigedomen 53/6 Haugsneset og 51/4 Kårstø i Tysvær kommune. Høyringsfristen er sett til 4 veker.
28.07.2016
Fredag 17. juni oppretta regjeringa tre nye marine verneområde, - og Jærkysten i Rogaland er eit av dei.
20.07.2016
Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med navn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.
18.07.2016
Ecofiber Recycling AS skal prøva ut utstyr og metodar for kverning av glasfiber m.v . innanfor ramma av gjeldande løyve til Stena Recycling AS, avd. Stavanger i Mekjarvik, Randaberg kommune. Prøvetida er fram til 1. september 2016.
13.07.2016
Forsuring av vatn og vassdrag er framleis eit miljøproblem i Rogaland. Kalking er eit viktig tiltak for å redusera effektane av sur nedbør. Det er no laga eigne temalag i Temakart Rogaland med oversikt over innsjøkalking og doserkalking av laksevassdrag.
12.07.2016
Fylkesmannen i Rogaland har sendt tilråding om utviding av Hålandsdalen naturreservat til Miljødirektoratet.
11.07.2016
Klima- og miljødepartementet (KLD) godkjente fredag 1. juli vassforvaltningsplanen for Rogaland. Oppfølginga av den godkjende planen vil krevje stor innsats frå både private og offentlege instansar i fleire sektorar. Målet er betre vassmiljø.
07.07.2016
Fylkesmannen har gitt Mittdistrikt Invest AS løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved Osen gnr./bnr. 281/27 Ølen i Vindafjord kommune.
Hermod Teigen AS søker om løyve etter forureiningslova til anlegg for mottak og mellombels lagring av skrapmetall på eigedomane 50/71, 50/75 og 50/76 på Foss-Eikeland i Sandnes kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 3 veker.
05.07.2016
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2016 naturtypekartlegging og kartlegging av store eiker. Miljødirektoratet kartlegg regnskogmiljø i kystfuruskog og kartlegging av andre utvalde område.
04.07.2016
Fylkesmannen har gitt Rogaland Pelsdyrfôrlag SA nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld produksjon av pelsdyrfôr ved prosessanlegget i Sirevåg i Hå kommune. Prosessavlaupet er kopla til offentleg avlaupsanlegg.
24.06.2016