Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Landbruksplast står i dag utanfor bransjeavtalane for plastemballasje. Difor er det ikkje noko støtteordning for innsamling av landbruksplast.
27.06.2019
Overvintra larvar av myrstankelbein er den einaste stankelbeinarten som opptrer som skadegjerar i landbruket. I delar av Rogaland er det registrert mykje skade av myrstankelbein på eng og beiteareal i år.
25.06.2019
Regjeringa og jordbruksnæringa har den 21. juni 2019 signert ein intensjonsavtale om å redusere klimagassutsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Rogaland, med sitt store dyretal, blir særleg utfordra.
24.06.2019
Kommunane kan frå 2019 gi tilskot til å etablere dekke/tak over utvendig gjødsellager.
21.06.2019
I 2019 er det 40,1 millionar kroner til regionale miljøtilskot i Rogaland. Frå 1. august kan bøndene i fylket søke tilskot til mellom anna skjøtsel av kystlynghei, turstiar i jordbruksområde og miljøvenleg gjødselspreiing.
Ny hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i Rogaland skal trekke opp hovudlinene for skogbruksplanlegginga i fylket dei neste 10 åra. Planen er utarbeida i samarbeid med skogeigarane sine organisasjonar og kommunane, og er eit viktig grunnlag for prioritering av tilskotsmidlar.
17.06.2019
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet meiner det ikkje er nødvendig å forby bruk av utenlandske treslag til skogproduksjon. Omsynet til biologisk mangfald blir balansert gjennom streng regulering av planting.
Ei endring i inndelinga i markslagskarta (arealressurskart -AR5) krev no at dei fleste veksthus no tel som utbygd areal og ikkje lengre som fulldyrka.
13.06.2019
Finnøy, Vindafjord og Bjerkreim toppar lista for mjølkefjøs og det er etterlengta auke i søknader om støtte til foredling og reiseliv.
Fylkestinget har i møte den 12. juni 2019 vedteke jordvernstrategi for Rogaland, og dette kan seiast å vere ein merkedag for jordvernet i fylket. Målet for Rogaland er at omdisponering av jordbruksareal skal vere under 400 dekar i året.
Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut som deltakarar til messa. Er di verksemd ei av dei?
21.05.2019