Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Rogaland har sendt ut framlegg til vern av Strandaliane naturreservat i Suldal kommune på ei samordna lokal og sentral høyring. Frist for uttale er sett til 6. juni 2017.
06.04.2017
Fylkesmannen har så langt i år mottatt éin søknad knytt til justering av kommunegrensa i ein kommune som inngår i kommunereforma (Forsand). Saka er utsett, men ikkje lagt vekk.
30.03.2017
Fylkesmannen i Rogaland har gleda av å invitere verjer i Rogaland til kurs
23.03.2017
Fylkesordføraren og Fylkesmannen vil ha statlege arbeidsplassar innan landbruksforvaltinga til Rogaland. Dette kjem fram av eit felles brev dei i dag sender til sentrale styresmakter.
13.03.2017
Det blei bestemt av Kongen i statsråd i føremiddag. Det blir fire samanslåingar frå 1. januar 2019. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er glad for at det nå er avklart.
10.03.2017
Laurdag 20. mai 2017 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. I år har blir fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal hovudtalar.
23.02.2017
Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga.
01.02.2017
Landbruks -og matdepartementet har i to saker om vinterskade på eng i 2013 gjort vedtak om ny behandling hos Fylkesmannen i Rogaland. Departementet sine presiseringar av regelverket gjer at Fylkesmannen vil behandle ei rekke avviste og avslåtte saker på nytt.
Ved årsskiftet vart ei ny lov om erstatning for naturskader sett i kraft. Det er gjort endringar i måten å søkje om erstatning. Søknader skal no sendast til Landbruksdirektoratet.
26.01.2017
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar skal vurdere behova til kvar enkelt og tilby eigna butiltak ut frå dette. Kommunen skal etablere ordningar for tilsyn og internkontroll.
19.01.2017