Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Open dag blir arrangert 19. juni 2013 frå klokka 10.00 til 17.00.
Invitasjonen gjeld deg som i dag er verje eller hjelpeverje og deg som har verje. Også andre som treng å lære meir om kva den nye verjemålslova inneber er velkomne.
11.06.2013
Direktoratet for naturforvaltning (DN) har avslått søknad om dispensasjon til bygging av Gråfollåna kraftverk ved Nilsebu i Hjelmeland. Tiltaket er vera i strid med verneformålet og vil endra landskapet sitt særpreg og karakter vesentleg.
10.06.2013
Rusavhengige har rett på eit gratis, regelmessig og oppsøkjande tannhelsetilbod.
07.06.2013
Måndag 3. juni ratifiserer Noreg FN-konvensjonen om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne. For Fylkesmannen i Rogaland har dette samanheng med ny verjemålslov som tek til å gjelde 1. juli 2013. Fylkesmannen blir då førsteinstans i saker som gjelder verjemål og tek over etter overformynderia i kommunanen.
03.06.2013
Statsborgarseremonien søndag 02. juni går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa.
28.05.2013
Onsdag 29. mai kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Time vidaregåande skole på Bryne for å vere med på Dignity Day.
24.05.2013
I samband med feiring av 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett, kan du nå sjå ein spennande og informativ temautstilling i Statens Hus på Lagårdsveien. Utstillinga er open mellom 8 og 15.30.
03.05.2013
Prosjektet ”kartlegging av marine naturtypar” er no inne i sitt andre av tre planlagde år med marine undersøkingar i Rogaland. Målet med prosjektet er å samle kunnskap om førekomst og verdi av utvalde naturtypar for å betre forvaltninga av kystsona.
25.04.2013
Fylkesmannen kontrollerte i 2012 pukkverk og fiskeforedling, avfallsmottak, fragmenteringsverk, verkstader og akvakulturanlegg. Ved 80 av 83 tilsyn vart det oppdaga brot på miljøregelverket.
17.04.2013