Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
La oss berre slå det fast med ein gong på ein dag som dette. Dette er ikkje ein aprilspøk. Frå 1. april er Geir Skadberg ny landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.
01.04.2016
Fylkesmannen meiner det er andre faktorar enn kommunestruktur som eventuelt avgrensar vidare utvikling av handelen i Kleppe - og andre viktige senter på Jæren.
22.03.2016
Tidleg etablering av kommunal kriseleiing og bruk av telefonmøte. Dette er sentrale funn etter evalueringa av Synne.
21.03.2016
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner skal presentera kommuneproposisjonen for 2017, og då kjem det også fram kva regjeringa går inn for når det gjeld nytt inntektssystem for kommunane.
17.03.2016
55 prosent av dei spurde i Gjesdal er positive til å danna ein ny kommune i lag med ein nabokommune, viser ei fersk innbyggarundersøking.
16.03.2016
Lund, Sokndal og Eigersund kommune. På tysdag blei prospektdokumentet for danning av ein ny kommune underteikna og presentert. Fylkesmannen vil rosa den gode dialogen som er komen i stand mellom dei tre kommunane.
11.03.2016
4. juni 2016 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Bjergsted i Stavanger. I år har me vore så heldige å få Safia Abdi Haase som hovudtalar.
10.03.2016
Interkommunalt vann-, avløps- og renovasjonsverk (IVAR) ønskjer å nytta Birkelandsvatnet i Bjerkreim som ny drikkevasskjelde. Bakgrunnen er eit aukande behov for vatn i jærkommunane fram mot 2050. Fylkesmannen i Rogaland seier ja, men set klare krav.
03.03.2016
Fredag 26. februar blei det presentert ein intensjonsavtale for danning av ein ny kommune mellom Bokn og Tysvær. Fylkesmannen vil gi ros til den gode dialogen som er komen i stand mellom dei to kommunane, som er i tråd med tilrådinga vår.
29.02.2016
I går besøkte ordførarane i Klepp, Time og Hå kommunal- og moderniseringsministeren i Oslo. Dei fekk gode tilbakemeldingar på både prosessen og intensjonsavtalen som er laga.
25.02.2016