Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Etter fleire klager på Statsforvaltaren sine vedtak, har Miljødirektoratet vurdert saka. Dei er einig i Statsforvaltaren sine avgjerder.
08.04.2024
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel blir tillate utan særskild løyve etter forureiningslova.
22.03.2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har meldt Statkraft Energi AS for brot på forureiningslova etter det store slamutsleppet i Surna.
12.03.2024
Fem område i Møre og Romsdal er freda som naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i mellom anna rike edellauvskogar og gammal furuskog blir teke vare på for kommande generasjonar.
08.03.2024
Lerøy Midt Sjø AS meldte 27. februar om at oppdrettslaks hadde rømt ved lokaliteten Naustneset i Tingvollfjorden i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal. No vert mest mogleg av den rømte laksen fiska opp att.
07.03.2024
Klimasats er ei stønadsordning som bidreg til at kommunar sett i gang klimatiltak som ellers ikkje ville blitt gjennomført. Dei siste åra har talet på søknadar og omfanget av søknadar vore synkande i Møre og Romsdal. I år har heldigvis trenda snudd.
01.03.2024
Regjeringa styrkar satsinga på natur med ei heilt ny tilskotsordning som går under namnet «Natursats».
28.02.2024
Tilskotsordninga er ny av året og tiltaka skal bidra til å restaurere forringa natur, slik at den økologiske tilstanden blir betre.
Det kan fellast inntil tre gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I delområde B (Surnadal og delar av Aure kommune) er jaktstart utsett til 14. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.
31.01.2024