Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
For å unngå liding og tap av lam til jerven har sauehaldarane i Møre og Romsdal henta heim sauer og lam ekstra tidleg frå høgfjellsbeite i år. I det første beiteområdet starta dei sanking allereie 6. august. Det er av dei tidlegaste datoar for berging av sauen frå jerven i fjellet og skogen. Vanlegvis sankar ein sau her først i starten av september.
10.10.2019
Organiske materialar blir omdanna, og avgir gass i prosessen. I biogassanlegg kan gassen bli til ein ressurs. Landbruksdirektoratet gjev tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.
27.09.2019
Oddmund Ansok fikk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 heime på garden sin på Ansok i Liabygda. Han var beæra over prisen og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.
17.09.2019
Kan ein byggje ein klimavennleg skule i tre der ein veit det er utfordringar kring skred? Eller må ein byggje eit «fort» i betong?
27.06.2019
Tilstanden på jordbruksareal er viktig for fleire brukargrupper, og kommunen har ansvaret for å holde kartet ved like. Engasjerte og kunnskapshungrige saksbehandlarar frå 13 kommunar deltok på feltkurs om klassifisering av arealtilstand i Vestnes 13. juni.
14.06.2019
Straks startar slåtten, og kanskje har du trua fugleartar hekkande i enga. Sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe - du kan bidra til å redde dei.
07.06.2019
Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut til å delta på messa. Er di verksemd ei av dei?
20.05.2019
Les om den høge hjortebestanden som utfordring for landbruksnæringa i fylket, aksjon for innsamling av mekanisk avfall for gjenvinning, Tine si rådgjeving retta mot mjølkeprodusentar om å tenkje langsiktig, og arrangementet MR mat ein arena der lokalmatnæringa møtes.
15.05.2019
I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.
10.05.2019
Les om merkevarebygging på MR-mat 2019, utfordringar med fornying av skog, ny metode for forvaltningskontrollar i kommunane og - kanskje kan meir bruk av tre i bygningar ha positiv verknad på helsa vår.