Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I 2021 har 2387 føretak søkt om produksjonstilskot i jordbruket. Dette er ein svak nedgang samanlikna med fjoråret og i tråd med utviklinga dei siste åra.
02.12.2021
Statsforvaltaren sitt vedtak om å avslå søknad om konsesjon for kjøp av kommunal skogteig er handsama som klagesak hos Landbruksdirektoratet. Statsforvaltaren sitt vedtak om å avslå konsesjon vart ståande.
26.11.2021
Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak
25.11.2021
Mat og sider blir ein raud tråd på standen til Fjord-Norge på Grüne Woche.
24.11.2021
Ved- og flisfyringsanlegg nyttar avfall frå skogen til å gi varme. Straumen vi dermed sparer kan nyttast til å løyse dei oppgåvene som bioenergi ikkje passar til, som å lade el-bilen, gje lys eller straum til PC-en.
Heile 21 produsentar av lokal mat, kultur og reiseliv deltok nyleg på ein studietur til «Romsdalsgårdene». Turen skulle styrke bygdenæringane si kompetanseutvikling og verdiskaping gjennom større grad av samarbeid og formell organisering.
19.11.2021
Inn på tunet skulen (IPT-skolen) er eit gratis nettkurs. Det skal gi ei grunnleggjande forståing av kva Inn på tunet er. Du får og lære kva for moglegheiter som ligg i ei Inn på tunet-verksemd, og kva som er krava for å etablere verksemda.
18.11.2021
Målet med e-læringskurset er at Inn på tunet-tilbydarar skal vere førebudd og ha en grunnleggande kompetanse om demensomsorg og vere attraktive leverandørar av teneste til kommunane.
12.11.2021
I gjennomføringa av Haram vindkraftverk har 15 dekar dyrka mark blitt nedbygd. Dette er berre halvparten av kva som var planlagt.
11.11.2021
Med alle dei innskrenkingar koronapandemien har ført med seg, kunne vi endeleg invitere til fylkesskogsamling i Kristiansund 27. – 28. oktober. Utfordringar med å etablere ny skog var den raude tråden i programmet.