Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Seremonien er ei høgtideleg markering av ein viktig overgang i livet. I år held vi ein felles seremoni for fylket i Ålesund.
01.04.2019
Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen føreslått Sunndal kommune som fylkets kandidat.
29.03.2019
Ein viktig del av saksførebuinga i grensejusteringssaka mellom kommunane Rauma og Vestnes er å innhente faktagrunnlag i saka. Fylkesmannen har i samband med dette utarbeidd ei sjekkliste for innhenting av faktagrunnlag ved grensejustering.
25.03.2019
På Nyttårskonferansen i januar informerte kst. fylkesmann Rigmor Brøste om viktige styringssignal og oppdrag frå nasjonale myndigheiter i 2019. I samband med dette orienterte ho også om at embetet frå og med i år vil sende ut årlege forventningsbrev til kommunane.
18.03.2019
Visste du at du sover bedre i en seng laget av tre enn i en annen seng?
25.02.2019
Frå 2020 vil det vere forbod omt å bruke mineralolje til oppvarming av bygningar. Nokre unntak blir det framleis, men for dei aller fleste vil tida no vere inne til å gå over til anna oppvarming. Det finst framleis støtteordningar å søkje på!
04.02.2019
Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Men i 2018 blei det planta 4 796 daa, noko som er 45 % meir enn føregåande år.
01.02.2019
Fylkesmannen har på oppdrag frå Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet gått igjennom verdfull natur i fylket og funne 50 særs viktige område.
I 2018 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 23,5 tonn. Dette er ein nedgang på 38 % frå 2018. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 4,8 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 620 kilo.
31.01.2019
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet oppdatert eit nyttig verktøy for kommunane, for å rekne ut omdisponert jordbruksareal, den såkalla KOSTRA-applikasjonen. Den nye versjonen av dette verktøyet kan for første gong brukast i 2019 og skal gje ein enklare og sikrare måte å rapportere på.
18.01.2019