Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Gjemnes har gjort ein framifrå jobb med å omstille drifta og betale ned underskotet i rekordfart, heile to år før opprinneleg plan frå 2010.
04.06.2015
Kronprinsen skal først til Volda vg skole i høve Dignity Day, deretter blir det bedriftsbesøk ved Ulstein Group.
28.05.2015
- Vi har ein ting til felles, sa Fylkesmann Lodve Solholm då han møtte formannskap og kommunestyret i Hareid torsdag 21. mai. - Vi skal gjere kvardagen best mogleg for innbyggjarane i Hareid kommune.
26.05.2015
Fylkesmannen har i løpet av april og mai vore på besøk hjå alle kommunane på Nordmøre. Kommunane la vekt på kor viktig det er å engasjere innbyggjarane i prosessen med kommunereforma.
Landbruksmuseet for Møre og Romsdal arrangerer jordvernkonferanse ved Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 13. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom museet, fylkesmannen og Møre og Romsdal bondelag. Forfattar Edvard Hoem er blant innleiarane.
15.05.2015
Omsorg 2020 presenterer regjeringens prioriterte satsinger på omsorgsfeltet sammen med konkrete tiltak i oppfølgingen av Meld.St.29(2012-2013) Morgendagens omsorg.
13.05.2015
Fylkesmannen vil også i år dele ut kulturlandskapsprisen. Prisen, som er på 10.000 kr og eit kunstverk, skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkjer seg med miljøvennleg drift. Lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar vert oppmoda om å kome med forslag til kandidatar innan 1. august.
24.04.2015
Møre og Romsdal har fått 250 000 kroner til klima- og miljøtiltak i landbruket. Fylkesmannen ønskjer å prioritere organisasjonar som vil arbeide med for eksempel handtering av husdyrgjødsel, reduksjon av klimagassutslepp og hydrotekniske tiltak.
23.04.2015
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tilsatt prosjektmedarbeider i kommunereformarbeidet med spesiell fokus på ungdom. Stillinga er 20 pst, i eit engasjement som førebels er på seks månader.
09.04.2015
Fylkesmannen kan gje tilskott til prosjektarbeid som skal hjelpe fram landbruksnæringa og ny landbruksbasert verdiskaping. Dei som kan søkje, er organisasjonar, kommunar og institusjonar. Ein del av desse midla kan brukast til å støtte bygdemobiliseringsarbeid, som er lokalt utviklingsarbeid for å arbeide med næringsutvikling, tilflytting og trivsel.
27.03.2015