Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
OPPDATERT 22.11.2017 kl. 13.30: Det er meldt mykje nedbør i Rogaland frå onsdag kveld til torsdag ettermiddag i midre og indre stroka av fylket. Meteorologisk institutt har sendt ut eit varsel om auka overvaking av situasjonen, eit såkalla Fase A-varsel.
22.11.2017
Kapasiteten er ikkje utnytta godt nok i dette store utbyggingsområdet. Det er større potensiale til å balansere variasjonen i bustader og felles løysingar, som grøntområde og parkering. Høg utnytting er ein viktig føresetnad for eit betre jordvern og redusert transport. Dei nasjonale måla om innskjerping av nedbygginga av jordbruksareal tilseier høgare utnytting i framtidige planar. Forslaget sikrar heller ikkje tilstrekkeleg ute- og leikeareal med god kvalitet.
Bo Jensen er ein dedikert og fullkomen ystar, og det beviste han til det fulle ved at osten "Lille Aske" fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i London i helga.
20.11.2017
Bedrifter frå Rogaland skal som ein del av vestlandet representere Fjord Noreg på Internationale Grüne Woche i Berlin 19. – 28. januar 2018!
01.11.2017
Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.
Avfallsselskapet Eltervåg blei i 2014 meldt til politiet av Fylkesmannen for ulovleg drift av anlegget på Øksnevad i Klepp kommune. Nå er både verksemda og dagleg leiar bøtlagde av politiet.
20.10.2017
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det løyvt 20 millionar kroner til tilskotsordning for kompensasjon av kommunanes utgifter i 2016 knytt til førebuing av busetjing av einslege mindreårige flyktningar som ikkje blei busette.
16.10.2017
Forslag til statsbudsjett blei lagt fram torsdag 12. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,1 %, mot 2,6 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2017.
12.10.2017
Etter dei siste dagars uvêr og flaum har det oppstått skader som kan omfattast av naturskadordninga
04.10.2017