Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Registrering av ukrainske flyktningar i Vestland

Onsdag 16. mars opna Vest politidistrikt eit registreringssenter for ukrainske flyktningar i Bergen. Sjølv om det vert ei forenkla saksbehandling av flyktningar frå Ukraina, må det påreknast lang ventetid. Det vert jobba med å få på plass ei timebestillingsløysing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2022, Sist endra 17.03.2022

Å verte registrert som asylsøkar utløyser rettar til økonomisk stønad, mottaksplass/bustad, helsetenester, barnehage, skule osb. i det norske samfunnet.

Utgangspunktet er at dei som har behov for å søke vern (asyl) og bli innkvartert på asylmottak i Noreg, vert tatt i mot på Nasjonalt ankomstsenter i Råde.

I dag opna Vest politidistrikt eit registreringssenter for ukrainske flyktningar på Thon Hotel Bergen Airport. Der kan ukrainarar som allereie oppheld seg i Vestland registrere asylsøknaden sin.

Førebels må ein rekne med at det kan bli lang ventetid for mange. 

Vest politidistrikt arbeider med å få på plass ei timebestillingsløysing. Det er særleg viktig for å unngå at dei med lang reiseveg må vente lenge ved senteret.

Politiet vil informere om timebestillingsløysinga så snart den kjem på plass.

Kontaktpersonar