Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Viktig informasjon om handsaming av plansaker

Fylkesmannen i Vestland har sendt ut eit brev med viktig informasjon om handsaming av plan- og dispensasjonssaker til alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og til statlege etatar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2019

Fylkesmannen i Vestland ønskjer med brevet å informere om følgjande: 

  • Orientering om ordninga med Fylkesmannens samordning av statlege motsegner til kommunale planar etter plan- og bygningslova

Samordningsprosjektet har styrka dialogen og samhandlinga mellom aktørane og har gjeve meir effektiv og betre statleg medverknad i kommunale planprosessar. Både tal motsegner og sakshandsamingstid i motsegnssaker er redusert. Medan ein i Hordaland har vore med på samordningsprosjektet sidan starten, er dette frå i år nytt i Sogn og Fjordane.

  • Behov for utvida høyringsfrist for plan- og dispensasjonssaker

No når sommarferien straks står for døra, vil Fylkesmannen minne om kommunane sitt ansvar for tilrettelegging for medverknad i planprosessar. I ferietider betyr det i praksis at m.a. høyringsfristane bør forlengast.

Vi oppmodar difor kommunane om å utvide uttalefristen med minst fire veker for saker som blir sendt ut i perioden 17. juni – 18. august. I nokre høve kan det verte behov for endå meir tid.