Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Frivillig skogvern vedteke i Sogn og Fjordane

Regjeringa gjorde i statsråd 21. juni 2019 vedtak ved kgl.res. om å opprette/utvide i alt 29 skogvernområde i landet i medhald av naturmangfaldlova gjennom ordninga om frivillig vern.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2019

I Sogn og Fjordane gjeld det

  • Kvist naturreservat i Balestrand kommune (oppretting)
  • Flostranda naturreservat i Stryn kommune (grenseendring og ny verneforskrift)

Det er store naturverdiar, m.a. edellauvskog i dei to naturreservata. Grenseendringa for Flostranda naturreservat har samanheng med bygging av ny vegtunnel på Fv 722 til Flo. Naturreservatet er utvida i aust ned mot Oppstrynsvatnet, og noko areal er teke ut i vest.

Skogvern er eit svært viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg. Vernevedtaket er eit nytt skritt i Stortinget sitt mål om vern av 10 prosent av skogarealet.