Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Støtte til kommunedelplan for naturmangfald

Kommunar kan søkje økonomisk støtte til å lage kommunedelplanar for naturmangfald. Fristen for å søkje er 6. mai 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2020

Å ta omsyn til naturmangfald er viktig i kommunal planlegging. Dette kan gjerast ved å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald.

Kommunedelplan for naturmangfald

Regjeringa har ønskja å prøve ut om kommunedelplan kan vera eit verkty for å synleggjere naturmangfaldet i kommunane. I perioden 2016 - 2018 fekk ti norske kommunar tilskot til å lage ein slik kommunedelplan. No inviterast nye kommunar til å delta i prosjektet, og Fylkesmannen oppmodar kommunane i Vestland til å søkje støtte og utarbeide kommunedelplan for naturmangfald.

Fylkesmannen kan gje nærare råd til kommunane i prosessen med å utarbeide kommunedelplanar for naturmangfald.

Søknadsfristen er 6. mai 2020.

Les meir hjå Miljødirektoratet.