Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Avslag på søknad om utfylling ved Nygårdstangen i Kinn kommune

Tidlegare Vågsøy kommune sette i gong utfylling i sjø ved Nygårdstangen i Deknepollen utanfor Måløy. Fylkesmannen varslar pålegg om opplysningar og undersøkingar med heimel i forureiningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2020

Tiltaket vart igangsett utan godkjenning etter plan- og bygningslova og utan løyve etter forureiningslova.

Fylkesmannen legg til grunn at Kinn kommune følgjer opp saka etter reglane i plan- og bygningslova om handtering av ulovlege tiltak. 

Sjå brev frå Fylkesmannen til Kinn kommune for meir informasjon.