Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Få inspirasjon til grøn utdanning i Naturbruksveka 2021

Få inspirasjon til grøn utdanning i naturbruksveka
Få inspirasjon til grøn utdanning i naturbruksveka Foto: VLFK.

Naturbruk er grunnsteinen i grøn utdanning. I Naturbruksveka, 2-4. februar, får du kunnskap om naturbruk og grøne utdanningstilbod gjennom filmar, presentasjonar og direkte-sendingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2021

Naturbruksveka i Vestland blir arrangert for første gong 2-4. februar, og er eit alternativ til messer og andre fysiske møte.

Her kan foreldre, lærarar og rådgjevarar gå på digitale besøk, lære meir om utdanninga og dei ulike skulane og få innblikk i aktuelle yrkesmogelegheiter. Det vil bli informasjon i mange former. Skuleklassane kan mellom anna bestille digitale gardsbesøk.

Naturbruksveka er eit samarbeidsprosjekt mellom dei vidaregåande skulane med grøne fag i Vestland, faglaga, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.

Sjå nettsida til Vestland fylkeskommune for meir informasjon om naturbruksveka og bestilling av gardsbesøk.