Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Tilskot til rekruttering og kompetanse i landbruket

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til prosjekt knytt til rekruttering og kompetanse i landbruket og landbruksbaserte næringar. Dei har 1,96 mill. kr til denne ordninga i 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2023

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i Vestland, med særleg vekt på berekraft og miljø. Ordninga skal bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane.

Søknadsfrist er 15. april og 1. oktober. De finn meir informasjon og søknadsskjema på nettsida til Vestland Fylkeskommune.